Tilbud!

Andre øvingar av Kurt Johannessen

Opprinnelig pris var: 160 kr.Nåværende pris er: 146 kr.

Kjøp i butikken >

Produktnummer: 5415700103253819 Kategori:
Del nå!

Oppfølgar til Øvingar som kom ut i 1994. Forma er den same, men dei nye tekstane er på verka av nyare bøker. Prøv å førestille deg Gud medan du ser klesvasken din bli sentrifugert. Overbevis deg sjølv om at du ikkje har nokon fri vilje. Installer så fri vilje. Et tusen frø og drikk eit stort glas vatn. Gå så ut og legg deg i sola. Plasser ei svart klinkekule i handa di ein kveld du legg deg, Prøv å halde på den når du fell i svevn. Førestill deg at du er ein stein og at steinen er deg. Ta den tida du treng. Ta fram ein liten rundspegel ein dag himmelen er utan skyer. Strekk deg oppover og hald spegelen så høgt du kan så himmelen kan spegle seg i den. Lag ein liten, liten båt i papir. Sprett opp puta di og legg båten inn i mellom duna. Sy igjen. Drikk to store glas vatn før du legg deg om kvelden.

Butikk

Norli