Tilbud!

Andre tider av Einar Økland

Opprinnelig pris var: 329 kr.Nåværende pris er: 199 kr.

Kjøp i butikken >

Produktnummer: 5415700332318665 Kategori:
Del nå!

Poesiens lys frå ei lommelykt nedi lomma
Dei nye dikta til Einar Økland er både gåtefulle og leikne, fabelaktige og fabulerande. Dei handlar om å vakne som glitrande dogg, leite etter namnet sitt, rulle ned ein bakke. Å bli venner oppe i eit tre, teikne ansikt i vatnet, tømme støvlane for rusk og lauv etter ein tur i utmarka.
Tekstane framhevar det sjølvopplevde som verdifullt. Og her alt som ikkje skjedde, alt ein ikkje gjorde, og stadene ein ikkje reiste til, ei like viktig erfaring. Det handlar også om forsvinning: om å sovne, å bli borte for seg sjølv, om alt som høyrer til ei anna tid så snart det har skjedd – om sorga over tapet, og til slutt tapet av sorga.

Butikk

Norli