Tilbudspris

Det lysande mørket

kr200

SE & KJØP I BUTIKKEN >

Kategori:
Del nå!

Det lysande mørket er ei bok om Jon Fosses dramatikk, og om kva som dreg publikum, skodespelarar og regissørar mot desse eineståande teatertekstane. Leif Zern skriv seg inn mot kjernen i den dramatiske verda som Fosse skaper, undersøkjer dei grunnleggjande innsiktene som forfattarskapen kviler på, og skriv om korleis ulike regissørar og teater rundt om i Europa har valt å realisere stykka på scenen. Omsett av Eldbjørg Hovland. Leif Zern ( f. 1939) er teaterkritiker i Dagens Nyheter i Sverige. Han har gitt ut fleire bøker om teater og også skrive ei bok om filmskaparen Ingmar Bergman. Zern har i ei årrekkje kommentert europeisk samtidsdramatikk, og han har følgt Jon Fosses dramatiske produksjon heilt frå byrjinga, tidleg på 1990-talet..

Butikk

Norli