Tilbud!

Det verste har allereie skjedd av Marta Söderberg

Opprinnelig pris var: 329 kr.Nåværende pris er: 149 kr.

Kjøp i butikken >

Produktnummer: 5415700332281673 Kategori:
Del nå!

Psykologisk drama om skuld, sorg og eit brutalt drap
Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang.
Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ei leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg.
I Det verste har allereie skjedd utforskar Marta Söderberg skuld, tap og det å vere adoptert. Romanen er skriven med nerve og intensitet, og kvar side landar som ein stein i lesaren.
Omsett til norsk av Runa Kvalsund.

Butikk

Norli