Våre nettbutikker ↗
Hjem›Bøker›Et ute av Sigrid Henjum
Et ute av Sigrid Henjum
SE PRISER OG VELG BUTIKK

Et ute av Sigrid Henjum

LAVESTE REGISTRERTE PRODUKTPRIS
318,00 kr

hos Norli · 1 butikk

Frakt ikke oppgitt

Til beste tilbud Annonselenke · Du handler direkte hos butikken
Sammenlign alle 1 tilbud ↓

Produktfil hentet 12.11.2026 17:08

SAMMENLIGN FØR DU VELGER

Priser og butikker

1 butikk

Sortert etter produktpris. Frakt vises separat og kan avhenge av adresse, leveringsmåte og handlekurv.

NorliLaveste produktpris · Oppgitt på lagerFrakt ikke oppgittFil hentet 12.11.2026 17:08
318,00 kr
Se tilbud ↗

Vi viser tilbud fra tilknyttede butikker. Kontroller endelig pris og lagerstatus hos butikken før du bestiller.

BLI BEDRE KJENT MED PRODUKTET

Produktinformasjon

God mat på tur kan lyfta turopplevinga mange hakk. Turmatboka ET UTE inneheld alt du treng for å verta den nye favorittkokken på turen. Her får du tipsa du treng til alt frå enkle rettar som er raske å laga, til tre-rettars menyar og handleliste for vekeslange turar - heile tida med ei tanke om at det skal væra enkelt å laga og ikkje minst godt å eta. Er det eitt feitt kva du et på tur? Korleis tappar du bjørkesaft? Og kva med å laga mat på stubbebål, i kokegrop eller i sjusteinsomn? Alt dette får du svar på i turkokeboka ET UTE, og undervegs får du vite alt frå kor langt du kjem på energien du får i deg, korleis du kan planleggja og pakka turmaten, til kva slag utstyr du bør ha med. Her lærer du om tørking av turmaten, slik at du får betre plass og sparar vekt. Boka har et eige kapittel med råd for den som har allergiar eller av andre grunnar ikkje kan ete alle matvarar. Boka er delt opp slik at du finn mat du kan laga klart heime og eta ute, eller du kan bla deg fram til dei rettane du kan laga frå botn ute på tur. Med over 80 oppskrifter på både middagar, snacks og desserter finn du garantert noko du ikkje har prøvd før - og som set ein ekstra spiss på turen. Sigrid Henjum (f.1983) kjem frå Leikanger i Sogn og er utdanna sjukepleiar. Ho bur i Sogndal der ho driv Sogndal Lodge & Guiding og jobbar som både kokk, føredragshaldar og turguide. Sigrid har mellom mykje anna sykla Noreg på langs, gått på over Grønlandsisen og padla kajakk rundt både Sør Georgia og Nordaustlandet.

Kanskje også: