Tilbud!

Samuel Pedersens reisedagbok av Knut Ødegård

Opprinnelig pris var: 379 kr.Nåværende pris er: 149 kr.

Kjøp i butikken >

Produktnummer: 8541579363266167260 Kategori:
Del nå!

Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig billedgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensjonert straumavlesar Inga som han vonar det kan bli eit nært forhold av etter at hans første kjærleik, Olga, omkom då fallskjermen hennar ikkje falda seg ut. Han fører dagbok, der dei faktiske hendingane på bubilturen blandar seg med hans draumar og tankar, som i stigande grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund. I dagboka les vi om ein kallskapellan på moped, ein plagsam gamling som ender sitt liv ved eit skjorereir, ei kroppsøvingslærarinne på studietur til Roma og ein bonde som tek tarmutreinsingsmiddel medan garden blir styrt av ein desperat avløysar frå Litauen. Og medan handling og fabulering rullar fram med bubilens ferd, driv kjærleiken sitt fine spel med dei aldrande to på tur.
Den syriske poeten Adonis skriv om Knut Ødegårds poetiske språk at det er ei stendig rørsle mellom det verkelege og det oppdikta, som om det bølgjer mellom det historiske og det mytiske, eit språk som alltid er tett bunde til det kroppslege med lyst, lidenskap, begeistring og vâre kjensler.

Butikk

Norli