Fotografen Leif Bergum har gjennom eit langt liv jakta etter dei vakre bileta i Sogn og Fjordane, til fots, langs veg, langs sjø, og i lufta. 65 år med kamera har resultert i over ti millionar selde prospektkort med elvar, brear, fjordar og fjell som motiv.
Den no 85 år gamle fotografen sine bilete utgjer grunnfjellet i boka ?Helsing frå Sogn og Fjordane?.
Boka skildrar den vestlandsnaturen som kvart år tiltrekker seg turistar frå heile verda i eit tal større enn det fastbuande folketalet. Sett med turisten sine auge er det unikt at det bur så mange menneske i det ville landskapet. Kan hende treng også fastbuande å bli minna om den storslåtte naturen som omgjer dei til dagleg?
Henning Rivedal fortel historia bak lyset og skuggane i bileta til Bergum. Med fjordlandskapet på Unescos verdsarvliste utgjer boka ?Helsing frå Sogn og Fjordane? eit viktig og vakkert verk.
Tilbud!
Norli
Med helsing frå Sogn og Fjordane av Henning Rivedal
Opprinnelig pris var: 399 kr.363 krNåværende pris er: 363 kr.
Del nå!
| Butikk | Norli |
|---|





